Heisann! - eg ser det er av og til nokon som er inne å sjekker bloggen
og eg beklager at det ikkje er mykje oppdateringer men grunnen er at
hagen vår for tida ser slik ut:Vi bur i Houston for tida, i ein leilighet med balkong, har planta nokre urter så eg får litt grønt rundt meg ivertfall :) Testa å så tomater og salat sjølv om det er høst, og foreløpig går det bra, høsten her er jo ikkje så annleis enn våren på vestlandet.. dvs mykje varmare og tørrare så forutsetningane burde jo være der! Får sjå korleis det utvikler seg.
Eg kan uansett vise bilder fra ein fin hage vi var på besøk til nettopp, Bayou Bend Gardens, eit gammalt hus med utstilling av antivikviteter og ein fin hage.
Først måtte vi over ei smal hengebru, så kom vi til hagen

Her er framfor huset, det var ikkje lov å ta bilder inne i huset, men dette er jo meir ein hage enn ein interiørblogg så det er vel ok ;)

Statue

Det var ikkje så mykje som blomstra i og med at det var på høsten, men det var mykje Azeala og dei skrytte av at det var veldig fint der om våren, kanskje vi tar ein tur då også.

Den formelle hagen




Eg har tenkt å ha eit innlegg om dei typiske amerikanske hagane, det er mykje oppklipte og formelle busker, litt sånn som på desse bildene men i mindre skala sjølvsagt, problemete er berre at eg må snikfotografere litt når eg går på tur ;)
Forresten - så veit eg at i henhold til blogg-etikette skal man ikkje blogge om at man ikkje blogger.. men tenkte det var greit at eg opplyste om grunnen til fraværet for dei som var interesserte.
Ellers har eg lagt til sånn rss følge knappe/email oppdatering oppe på høgre sida slik at ein ikkje treng å gå inn å sjekke om det er noko nytt, veit kor irriterande det er når det ikkje skjer noko på lenge.
Eg bruker forøvrig Google Reader mykje til blogglesing, då får eg opp når det er noko, fungerer veldig bra på iPad´en med Flipboard! Evt leseliste (med bookmarks) på mac er fin.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar