torsdag 11. juni 2009

The forgotten garden

Har nettopp lest ferdig ei bok - The forgotten garden av Kate Morton - den var veldig god, så nå har eg selvfølgelig ein ny drøm.. om ein hemmelig hage! Med ein port med slyngande planter og bak åpenbarer det seg eit lite magisk paradis.. med urter og grønnsaker og litt roser. Buxbom og opphøgde bed, og eit lite drivhus.


Tilfeldigvis har vi eit relativt stort urørt område bak det gamle hønsehuset vårt, der den eine sida er ein høg bergvegg, den andre er mot bakkene ned mot sjøen, og den siste er ein skråning opp til naboen der dei har ein sitteplass. Men den bruker dei ikkje så mykje. Så kanskje det blir mitt nye prosjekt! Er veldig lite jord der bak - men nok til at utrulige mengder tistler og ugras formerer seg og for å unngå masse luking så kunne eg ha prøvd å gravd vekk ein del av den og hatt grus direkte på fjellet og lage stier mellom tønner og murte bed.. drømme drømme :)

Planen er å gjere om det gamle hønsehuset til ein garasje etterkvert, men dette vil uansett være på baksida. Så kanskje eit drivhus som ser litt sånn ut:

www.hartley-greenhouses.co.uk/

Det er vel samme drømmen som mange hageeiere har! Er jo glad vi har så stor tomt som vi har sjølv om det er mykje jobb, så er det jo også mykje potensiale og mange ulike ting ein kan gjere! Blir no uansett ikkje i sommar, men er kjekt å drømme og planlegge litt :)

torsdag 4. juni 2009

Siste nytt

Vi har fått oss pumpe!! Er den ikkje fin!! :D Perfekt for å vatne i hagen.

Wisteria spiren - tør ikkje heilt å la den stå ute endå.
Klar for utplanting!

Disse oppdaga vi plutselig på ein avsides plass i hagen - fine!

Rosa Rugosa
Akeleiene blomstra så fint no! Har prøvd å samle dei litt pga dei popper opp kor som helst i hagen dette året.


Har fixa kjøkkenhagen i pinsehelga, har planta ut både gulerøtter, kål og salater. Men er litt varierande korleis dei har klart seg, var veldig varmt og tørt så ein del har ikkje klart seg, skal så litt meir direkte og sjå om det går greit. Så er vi superfornøyd med pumpa vi fikk! Den kom på plass og vi har brukt den mykje allerede. Har ellers flytta litt rundt på planter, er jo alltid noke.. men planen er jo selvfølgelig at det blir berre bedre og bedre etterkvert - så er det jo kjekt å holde på med ulike prosjekter også :)