søndag 21. mars 2010

Jord under neglene!


Endelig.. no har eg begynt å sjå ein ende på denne vinteren!

Bildet er fra i dag og er dei første spirane som kom fram etter at snøen omsider har regna vekk.

Eg har ikkje villa begynne med nokke vårlige aktiviteter før snøen viste tegn til å forsvinne så i dag har eg altså sådd mine første frø!! :)
Vi var på ein handletur i går og kjørte tilfeldigvis på vei forbi Plantasjen.. min mann hadde jo skjønt tegninga lenge før eg kom med det lure forslaget at vi kunne jo stikke kjapt innom ein liten tur. Han var ikkje så vanskelig å få med siden han var i godt humør etter at eg var med innom ein MC butikk - så det er altså ingen tvil om at våren er etterlengta hos begge to!
Så i dag har han vært på sin første mc-tur og eg hadde min første sesjon med frø og jord. Kosa oss med andre ord!

Eg har trimma pelargoniene mine, planta grønsaksfrø og generelt rydda i potter og rot i kjellaren. Har inget drivhus så plantinga skjer i gamle verkstaden til Bestefar i kjellaren.
Mannen har eine delen til verktøy og eg har andre til planter og hageting. Det er to vinduer der så er litt lys men strengt tatt ikkje nok, så derfor frister det ikkje å så altfor mykje forskjellig då dei ikkje har det beste utgangspunktet.

Men - grønnsakshage blir det definitivt i år! Har kassane klar som eg skal plante i på det nye området, det er egentlig 4 sandkasse byggesett som eg kjøpte billig på Monter i fjor.
Så - det eg har planta i dag er gulerøtter, purre, squash, gresskar, div salat, persille, bønner, blomkarse i tillegg til hestemynte som eg skal ha i urtebedet. Skal prøve å så litt og litt utover våren og sommaren slik at eg kan bruke etterkvert.

Det er jo denne facinasjonen for 'sjøvberging' det går litt ut på dette med kjøkkenhagen, men økonomisk sett kan ein vel ikkje akkurat forsvare det.. det forsvant 500 kr på plantasjen i går (kjøpte jord også) og så er det alle arbeidstimane som går med - men vi alle veit jo at det er ikkje det som er poenget! hehe