søndag 24. februar 2013
mandag 26. november 2012
Liten oppdatering
Heisann! - eg ser det er av og til nokon som er inne å sjekker bloggen
og eg beklager at det ikkje er mykje oppdateringer men grunnen er at
hagen vår for tida ser slik ut:Vi bur i Houston for tida, i ein leilighet med balkong, har planta nokre urter så eg får litt grønt rundt meg ivertfall :) Testa å så tomater og salat sjølv om det er høst, og foreløpig går det bra, høsten her er jo ikkje så annleis enn våren på vestlandet.. dvs mykje varmare og tørrare så forutsetningane burde jo være der! Får sjå korleis det utvikler seg.
Eg kan uansett vise bilder fra ein fin hage vi var på besøk til nettopp, Bayou Bend Gardens, eit gammalt hus med utstilling av antivikviteter og ein fin hage.
Først måtte vi over ei smal hengebru, så kom vi til hagen

Her er framfor huset, det var ikkje lov å ta bilder inne i huset, men dette er jo meir ein hage enn ein interiørblogg så det er vel ok ;)

Statue

Det var ikkje så mykje som blomstra i og med at det var på høsten, men det var mykje Azeala og dei skrytte av at det var veldig fint der om våren, kanskje vi tar ein tur då også.

Den formelle hagen




Eg har tenkt å ha eit innlegg om dei typiske amerikanske hagane, det er mykje oppklipte og formelle busker, litt sånn som på desse bildene men i mindre skala sjølvsagt, problemete er berre at eg må snikfotografere litt når eg går på tur ;)
Forresten - så veit eg at i henhold til blogg-etikette skal man ikkje blogge om at man ikkje blogger.. men tenkte det var greit at eg opplyste om grunnen til fraværet for dei som var interesserte.
Ellers har eg lagt til sånn rss følge knappe/email oppdatering oppe på høgre sida slik at ein ikkje treng å gå inn å sjekke om det er noko nytt, veit kor irriterande det er når det ikkje skjer noko på lenge.
Eg bruker forøvrig Google Reader mykje til blogglesing, då får eg opp når det er noko, fungerer veldig bra på iPad´en med Flipboard! Evt leseliste (med bookmarks) på mac er fin.
mandag 28. mai 2012
The Botanical Garden of San Antonio
I dag har vi vore i ein kjempefin botanisk hage!
Her kjem litt bilder
| Nydelig rosehage |
![]() |
| Fine benker og gjerde som ramme rundt |
| Deilig å få litt skygge under drueklasene |
![]() |
| Varmt og tropisk miljø samtidig som det ser ut som ein fransk slottshage |
Fine farger
Utkikkstårn på toppen
![]() |
| Kaktuser fins innimellom |
![]() |
Liker veldig godt grått og lilla sammen
|
| Lurer på om en kan få tak i denne heime |
| Den var så fin! Gjorde mykje av seg, trives tydligvis her i varmen. |
| Ørken område |
| Kjøkkenhage, syns det var lurt å lage stativ til tomatene av et gjerde som man setter i sirkel! |
| Her kunne ein tru ein var i Italia! |
| Fine små eksempler på stil på hus og hager |
![]() |
| Dette er jo min favoritt |
| Ideer til når vi kjem heimigjen.. |
| Tenk om ein kunne fått til nokke slikt i hagen |
| Eller sånn? |
Det var veldig fint å besøke denne hagen, for dei andre hagane vi har sett hittil i Amerika er så perfekte og upersonlige at det nesten ikkje ser ekte ut. Alle hager framfor husa ser omtrent like ut, litt gras, eit stort tre for skygge, mykje grønne busker som er klipt i stram form. Dei bruker også ein del klatreplanter som dekke istadenfor gras, lignande eføy, men som også blir klipt ned. Veldig stramt og ryddig alt sammen - og det er forresten ikkje mange som tar seg av sin egen hage, det har man jo innleide innvandrere som tar seg av. Eg høyrer dei klipper av og til midt på natta så veit ikkje heilt om det er så mykje ordna arbeidsforhold.. men fint skal det være!
tirsdag 6. mars 2012
Vår
I dag har det vært nydelig vær og eg har gått tur med hund og barn, etterpå sat eg faktisk litt på terassen og las avisa og drakk kaffi - kos! Det er nok ikkje våren som har komen endå men er kjekt med ein liten forsmak :)
Våren strekker på seg no
når den tunge vinterdyna er fjerna,
stiv og støl blir mjuk og varm,
lukta av jord og fuglane kvitrer,
sola varmer i solveggen.
Hagen lokkar og frister
som ein uloveleg flørt,
du veit du ikkje bør
men har vansker med å stå imot,
det er for tidlig,
det er ikkje rett,
enno vil det komme kalde netter.
Nyt dagane! :)
og -
Faller du for fristelsen, så nyt den i alle fall!
torsdag 12. januar 2012
fredag 11. november 2011
Haust
Vi har komt til november men her kommer høst innlegget mitt - ikkje den mest hyppige bloggeren men det får våge seg, eg koser meg med å lese alle andre sine og har ikkje hatt så mykje å meddele igrunn :)
Her er litt av markens grøde - har laga plommesyltetøy, eplemost og solbær sirup. Det er også noko tørka sopp men den kan ikkje eg ta æra for.
Her er litt bilder fra hagen i høst
Haust
Dikt. 1909
Dikt. 1909
Av Per Sivle
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
- Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikkad i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa auga paa ein av dei mange.
- Han visnar, Blomen, mot Hausten.
Abonner på:
Innlegg (Atom)










