fredag 14. juli 2017

Sommer 2017

Det har vore ein våt sommar.. i juni fekk vi nedbørsrekord og juli har vore relativt våt også..

Men - vi har hatt gravemaskin i hagen og all plenen er vekke så det betyr jo sjølvsagt nytt bed! Endelig får eg laga cottage-bedet mitt! Skal kombinere det med urter og grønnsakshage i eine enden. 

 Her er planen eg lagde, den blei sjølvsagt litt justert etter eg hadde vore på hagesenteret og etter korleis det såg ut når eg satte plantene utover. Utrulig kjekt å lage et 'ferdig' bed frå scratch! Gleder meg til det veks til :) verdt å merke seg er at stort sett alle disse plantene er slike som brunsneglen ikkje bryr seg om, det er ganske viktig kriterie hos meg..



No har eg fått ned det meste av blomstrane, det neste blir urtene og så et drivhus - kanskje til neste år? Med tomater og druer inni, og nokre grønsakskasser framfor. Det skal bli så bra atte:)


Det måtte bli duk og bark sjølv om eg helst skulle vore foruten, det er så mykje ugras fortsatt i jorda og eg veit korleis det blir etter nokre veker til tross for gode intensjoner om luking.. så får eg heller fjerne den etter nokre år når det vokser seg til. 


Så blir det 'japanske' bedet ved innkjørselen, her skal det etterkvart komme ein lønn og ein magnolia, berget skal renskast meir og litt sedum og rullesteiner rundt omkring på berget er planen. Kanskje ei lita bru og ein portal med benk på haugen seinare?

Ellers er det jo sommerferie no, vi har vore å besøkt familie i Finland og då måtte eg komme meg på litt hagebesøk. 

Så vi har vore i Aspegrens trädgård igjen og fått masse inspirasjon, det er så fint der til tross for regnbyger, og vi fekk oss no ein heimelaga mascarpone-iskrem så sommerfølelsen kom alikevel ;)


Den første delen er meir strikt og koordinert så blir det villaer og meir blanding nedover, det er private som har kvar sitt område men som glir fint i kvarandre med blanding av grønnsaker og blomster, skikkelig potager! Likte nok best den meir ustrukturerte!


Eg er spesielt glad i blåtoner som her.


Såg ogs et eksempel på 'mulching' som såg ganske okei ut, har lurt litt på om det blir stygt med grasklipp rundt grønnsakene men ser ikkje så gale ut samtidig som det holder på fukten, gir næring og holder ugras vekke, så det er nok absolutt noko å tenke på. 


Vi var også i Strømsø, men der får bli neste innlegg :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar