søndag 29. november 2009

1.advent!


Stemningsrapport fra heimen :)

fredag 27. november 2009

November


Eg har fått ein award fra Marianns Verden :) Takk!

Ellers er det lite haging for tida, nærmaste prosjektet blir vel å få litt julelys i buskene ved inngangen - trenge litt lys i denne mørketida så det blir nok bra.

Vi funderer på å fixe på huset til neste år og har fått innhenta tilbud no, vi må faktisk skifte både tak, vegger og vinduer på huset. Er jo tross alt fra 50-tallet så er jo på tide med litt utskifting.

Vi har vurdert å bygge nytt også, men er no litt koselig å bu i samme huset som min far vokste opp i og så er det jo litt sjel i et gammalt hus om enn litt skeivt og trekkfult! ;) Trekken og isoleringen blir no ivertfall bedre snart.

Det er støyp på framsida av huset og kunne godt tenkt meg firkanta heller på det etter at huset er 'nytt', vi har jo et stort murbed framfor huset og den muren er ikkje så veldig fin, jobber med å få eføy'en til å dekke framsida men er usikker kva som blir bra inn mot huset, no har vi benk og potter som 'bryter' litt for den er litt dominerande. Det blir jo alltid slik at fixer man ein ting så ser man andre ting som må fixast også! Men - ein ting i gongen. Håper vi får tatt huset til våren igjen så kan eg fokusere på ute området på sommaren.

tirsdag 10. november 2009

November


Har ingen nye bilder fra hagen, men tenkte å skrive ein liten oppdatering om kva eg har gjort i det siste. Eg har rydda litt og klipt ned visne blomstra, cosmosen var ferdig men har passa på å drysse masse frø ned i bedet igjen før eg fjerna dei, i fjor frøsådde den seg ganske så bra så satser på det samme til neste år :) Løv låg lenge rundt om kring der det ikkje skulle ligge - som foran inngangspartiet, men no har naturen fixa opp sjølv med siste mini uvær og det ligge no samla i beda! Sjølvsagt masse i plenen også men eg stresser ikkje så mykje med det. Så har eg rydda vekk kjøkkenhagen som vi hadde nederst i hagen no. Har også fyllt på med bark så det ikke ser så gale ut no som alt det grønne er vekke i beda.

Så har vi tenkt ein del på det nye kjøkkenhage området vårt, har flytta litt på 'barnehagen', dei gamle vinduskarmane eg fann i ein kjellar, no er dei i eine hjørnet. Så kjøpte eg 4 sandkasser av tre på salg fra Monter som er satt sammen og skal bli nye kjøkkenhage. Dei får vente innendørs til våren igjen er planen. Vi har ein del tre som skal sagast ned då dei skygger for sola, og masse greiner som er samla opp der fra før som må brennast i løpet av vinteren eller kutte dei opp med kvistaren. Det er også eit gammalg forsøk på ein andedam som eg har lyst å få fixa skikkelig til ein fin dam!

Dette blir den litt avskjerma 'hemmelige hagen' min etterkvert er planen ;) Vi har tenkt å gjere om det gamle uthuset til gjestehus etterkvert og eg vil også gjerne ha ein del av det som drivhus.. tenkte kanskje det kunne være som et tilbygg med skyvedør inn til sjølve huset.
Ulempen er jo at naboen har ein slags sitteplass som ser rett ned i hagen, som dei rett nok ikkje bruker så ofte, men lurer på om eg må svelge min motstand mot tuja.. og bruke det som skjerm mot innsyn.. isåfall skal den bli klipt som ein hekk - type engelsk labyrint! :)

Allerede begynt å drømme om våren som de skjønner..

mandag 14. september 2009

Høst!

Vi hadde ein nydelig høst-tur i fjellet i helga - kjempefint vær og koste oss masse! Den tok heile 6 timer så vi er ganske så støle i dag, trapper er ikkje kjekke kan ein sei..


Plommene er overmodne og burde plukkast - men det er så utrulig masse av dei! Det same gjeld eplene - håper at nokon kjem på epleslang snart!?! :) Ei lita eplekake får eg no lage ivertfall. Har tidlegare laga både plommesyltetøy og eplemos men det har ein tendens til å bli ståande i kjøleskapet. Har jo allerede laga blåbær/aronia syltetøy med blanding av hageblåbær og vanlige blåbær så trur faktisk det er nok for i år.
Treet bøyer seg til bakken av vekta av alle eplene.. desverre er dei litt sure og egna seg best til lagring ifølge min far ivertfall - og kan etast utover høsten/vinteren.

Klematisen min blomstra!
Her er et par bilder fra hagen i dag, var ute å planta nokre busker som eg fant langs ein vei ved et fraflytta gårdsbruk, slags bambus stilker med ganske runde blad og kvite syrenaktige blomstra, dei var oppmot 1-2 meter høge, nokon som veit kva det kan være? Har ikkje nokre gode bilder desverre.


Posted by Picasa

mandag 31. august 2009

August bilder

Her kjem litt bilder frå august - det er jo no endelig dei fleste blomstrane er store og fine.
Eg har flytta inn i kjellaren ein del av dei plantane som aldri rakk å bli store, i dag såg eig ein stor brunsnegle som 'snigla' på glaset inn til dei friske grønne plantane! so close but yet so far ;)

Cosmos blomstrer så fint, og klatreplantane har begynnt å strekke seg oppover buen :)
Ellers har vi gjort litt store inngrep i hagen også, vi har hatt dette stoore grantreet som vi egentlig ikkje hadde så veldig behov for å ha i hagen, då vi har masse av skog rett ved huset og det får være nok.

Her er etter! Åpnare og lysare :)Eg har også ommøblert i bedet, det begynnte å bli litt feile farger og rotete, så eg flytta alle blå blomster til under rosene - lavendelen, salvien og ein som heiter ulster blue trur eg. Så flytta eg dei sølvgrå og samla dei i bakgrunnen.

Liljene har endelig slått ut! Eg fikk nokre av mor mi, den lyse på bildet under hadde eg kjøpt sjølv, og var spent på kva farge dei eg fekk av ho var. Det viste seg at dei var mørke rosa og så var det ein som var gul.. usikker på kva eg skal gjere med den gule, om den skal få bli eller må flytte no som eg nett hadde rydda ;)
(treng litt meir bark også ser eg)

Eg flytta også på Hebe buskene mine, eg hadde dei i lag med lyng men dei forsvant litt i graset så eg flytta dei til ein del av bedet som det liksom ikkje blei heilt fin, no blei det litt meir struktur.
Eg syns blada og strukturen til Hebe buskene er så fin!


Her er et lite prosjekt eg har med 'hemmelig rom' i hagen, ei hengekøye i plommetrea og bak eit slags gjerde der eg har planta humle som skal klatre på tauet i mellom, samt ei lita pilbusk som eg skal ta stiklinger av og etterkvert plante langs heile. Hadde tidligare ei skikkelig Mexico hengekøye der men den tålte ikkje heilt det ustabile været så trådane begynnte å slitne, og eg gidd jo ikkje å ta den inn heile tida når det regner, så no kjøpte eg ei til 149 på xxl :) Funker no greit sjølv om den ikkje er like behagelig akkurat.

For første gang blomstrer Begoniaen min! Kjøpte den sikkert for 3 år sidan på flyplassen i Amsterdam, skulle være mange ulike farger og dei såg litt spesielle ut siden dei var fyllte - ivertfall i forhold til andre eg har sett, så kjekt å sjå at den blomstra tilslutt og var så fin som dette:)



Til slutt ein tass i bakgrunnen og ein Solhatt med sommerfugl på!

Posted by Picasa

onsdag 29. juli 2009

Flowers flowering..



Ja

Det blomstrer - så

sjølv om det pøser ned no er ivertfall det litt farger å sjå!

mandag 20. juli 2009

Sommer!



Då er sommerferien her og eg har faktisk 2 veker igjen - luksus :)
Vi har hatt ei veke der vi har vore på biltur nordover og besøkt venner, ikkje så mykje planer for resten av ferien utenom å få besøk og få med oss litt festival liv.
Er deilig å være heime om sommaren så vi tar dei store utenlandsturane på vinteren når vi trenger det:)



Her er litt av blomstrane i hagen


Har vært veldig tørt i begynnelsen på sommaren så måtte vatne kver dag for at ikkje alle blomstrane skulle bukke under, men i det siste har det ikkje vore nokke problem med regn akkurat - blanda følelser mht ferien men vi trenge vatn til både brønn og planter så er no litt glad for det våte også.. og så kan ein jo ikkje klage når sommeren har vært så bra som den har vært! :)


- peonen kom endelig i full blomst men varte så altfor kort, rosene er nydelige no! Har vært litt plaga av diverse udyr men no ser det bedre ut.

Akeleiene kom virkelig opp i år, har ikkje sett så mykje blomstra på dei tidligare men no koste dei seg sammen med tusenfryden!
Posted by Picasa

torsdag 11. juni 2009

The forgotten garden

Har nettopp lest ferdig ei bok - The forgotten garden av Kate Morton - den var veldig god, så nå har eg selvfølgelig ein ny drøm.. om ein hemmelig hage! Med ein port med slyngande planter og bak åpenbarer det seg eit lite magisk paradis.. med urter og grønnsaker og litt roser. Buxbom og opphøgde bed, og eit lite drivhus.


Tilfeldigvis har vi eit relativt stort urørt område bak det gamle hønsehuset vårt, der den eine sida er ein høg bergvegg, den andre er mot bakkene ned mot sjøen, og den siste er ein skråning opp til naboen der dei har ein sitteplass. Men den bruker dei ikkje så mykje. Så kanskje det blir mitt nye prosjekt! Er veldig lite jord der bak - men nok til at utrulige mengder tistler og ugras formerer seg og for å unngå masse luking så kunne eg ha prøvd å gravd vekk ein del av den og hatt grus direkte på fjellet og lage stier mellom tønner og murte bed.. drømme drømme :)

Planen er å gjere om det gamle hønsehuset til ein garasje etterkvert, men dette vil uansett være på baksida. Så kanskje eit drivhus som ser litt sånn ut:

www.hartley-greenhouses.co.uk/

Det er vel samme drømmen som mange hageeiere har! Er jo glad vi har så stor tomt som vi har sjølv om det er mykje jobb, så er det jo også mykje potensiale og mange ulike ting ein kan gjere! Blir no uansett ikkje i sommar, men er kjekt å drømme og planlegge litt :)

torsdag 4. juni 2009

Siste nytt

Vi har fått oss pumpe!! Er den ikkje fin!! :D Perfekt for å vatne i hagen.

Wisteria spiren - tør ikkje heilt å la den stå ute endå.
Klar for utplanting!

Disse oppdaga vi plutselig på ein avsides plass i hagen - fine!

Rosa Rugosa
Akeleiene blomstra så fint no! Har prøvd å samle dei litt pga dei popper opp kor som helst i hagen dette året.


Har fixa kjøkkenhagen i pinsehelga, har planta ut både gulerøtter, kål og salater. Men er litt varierande korleis dei har klart seg, var veldig varmt og tørt så ein del har ikkje klart seg, skal så litt meir direkte og sjå om det går greit. Så er vi superfornøyd med pumpa vi fikk! Den kom på plass og vi har brukt den mykje allerede. Har ellers flytta litt rundt på planter, er jo alltid noke.. men planen er jo selvfølgelig at det blir berre bedre og bedre etterkvert - så er det jo kjekt å holde på med ulike prosjekter også :)

onsdag 20. mai 2009

Regn & blomstring


Den store buska mot veien blomstra no, har tenkt på å kanskje begrense omfanget på den siden den virkelig begynner å ta seg ut etterkvert :)



Fine blomstra eg har fått av min mor, oppdaga at dei var i to ulike farger - artig :)



Trur eg skal bruke langhelga til litt ugrasluking blandt anna..





Håper alle får ei fin langhelg for dei som har det! :)