mandag 31. august 2009

August bilder

Her kjem litt bilder frå august - det er jo no endelig dei fleste blomstrane er store og fine.
Eg har flytta inn i kjellaren ein del av dei plantane som aldri rakk å bli store, i dag såg eig ein stor brunsnegle som 'snigla' på glaset inn til dei friske grønne plantane! so close but yet so far ;)

Cosmos blomstrer så fint, og klatreplantane har begynnt å strekke seg oppover buen :)
Ellers har vi gjort litt store inngrep i hagen også, vi har hatt dette stoore grantreet som vi egentlig ikkje hadde så veldig behov for å ha i hagen, då vi har masse av skog rett ved huset og det får være nok.

Her er etter! Åpnare og lysare :)Eg har også ommøblert i bedet, det begynnte å bli litt feile farger og rotete, så eg flytta alle blå blomster til under rosene - lavendelen, salvien og ein som heiter ulster blue trur eg. Så flytta eg dei sølvgrå og samla dei i bakgrunnen.

Liljene har endelig slått ut! Eg fikk nokre av mor mi, den lyse på bildet under hadde eg kjøpt sjølv, og var spent på kva farge dei eg fekk av ho var. Det viste seg at dei var mørke rosa og så var det ein som var gul.. usikker på kva eg skal gjere med den gule, om den skal få bli eller må flytte no som eg nett hadde rydda ;)
(treng litt meir bark også ser eg)

Eg flytta også på Hebe buskene mine, eg hadde dei i lag med lyng men dei forsvant litt i graset så eg flytta dei til ein del av bedet som det liksom ikkje blei heilt fin, no blei det litt meir struktur.
Eg syns blada og strukturen til Hebe buskene er så fin!


Her er et lite prosjekt eg har med 'hemmelig rom' i hagen, ei hengekøye i plommetrea og bak eit slags gjerde der eg har planta humle som skal klatre på tauet i mellom, samt ei lita pilbusk som eg skal ta stiklinger av og etterkvert plante langs heile. Hadde tidligare ei skikkelig Mexico hengekøye der men den tålte ikkje heilt det ustabile været så trådane begynnte å slitne, og eg gidd jo ikkje å ta den inn heile tida når det regner, så no kjøpte eg ei til 149 på xxl :) Funker no greit sjølv om den ikkje er like behagelig akkurat.

For første gang blomstrer Begoniaen min! Kjøpte den sikkert for 3 år sidan på flyplassen i Amsterdam, skulle være mange ulike farger og dei såg litt spesielle ut siden dei var fyllte - ivertfall i forhold til andre eg har sett, så kjekt å sjå at den blomstra tilslutt og var så fin som dette:)



Til slutt ein tass i bakgrunnen og ein Solhatt med sommerfugl på!

Posted by Picasa