søndag 21. mars 2010

Jord under neglene!


Endelig.. no har eg begynt å sjå ein ende på denne vinteren!

Bildet er fra i dag og er dei første spirane som kom fram etter at snøen omsider har regna vekk.

Eg har ikkje villa begynne med nokke vårlige aktiviteter før snøen viste tegn til å forsvinne så i dag har eg altså sådd mine første frø!! :)
Vi var på ein handletur i går og kjørte tilfeldigvis på vei forbi Plantasjen.. min mann hadde jo skjønt tegninga lenge før eg kom med det lure forslaget at vi kunne jo stikke kjapt innom ein liten tur. Han var ikkje så vanskelig å få med siden han var i godt humør etter at eg var med innom ein MC butikk - så det er altså ingen tvil om at våren er etterlengta hos begge to!
Så i dag har han vært på sin første mc-tur og eg hadde min første sesjon med frø og jord. Kosa oss med andre ord!

Eg har trimma pelargoniene mine, planta grønsaksfrø og generelt rydda i potter og rot i kjellaren. Har inget drivhus så plantinga skjer i gamle verkstaden til Bestefar i kjellaren.
Mannen har eine delen til verktøy og eg har andre til planter og hageting. Det er to vinduer der så er litt lys men strengt tatt ikkje nok, så derfor frister det ikkje å så altfor mykje forskjellig då dei ikkje har det beste utgangspunktet.

Men - grønnsakshage blir det definitivt i år! Har kassane klar som eg skal plante i på det nye området, det er egentlig 4 sandkasse byggesett som eg kjøpte billig på Monter i fjor.
Så - det eg har planta i dag er gulerøtter, purre, squash, gresskar, div salat, persille, bønner, blomkarse i tillegg til hestemynte som eg skal ha i urtebedet. Skal prøve å så litt og litt utover våren og sommaren slik at eg kan bruke etterkvert.

Det er jo denne facinasjonen for 'sjøvberging' det går litt ut på dette med kjøkkenhagen, men økonomisk sett kan ein vel ikkje akkurat forsvare det.. det forsvant 500 kr på plantasjen i går (kjøpte jord også) og så er det alle arbeidstimane som går med - men vi alle veit jo at det er ikkje det som er poenget! hehe

søndag 31. januar 2010

Januar


Nokre vakre vårlige tulipaner hjelper mot et lite tilfelle av vinter'blues'!
Posted by Picasa

lørdag 9. januar 2010

2009 kavalkade

Har lest litt blogger og ser at det er ein del som lager et sammendrag av året som har gått, eg tenkte eg skulle prøve det også, og merka at det gjorde jammen godt!

Kjekt å sitte å sjå på blomster og det friske grønne midt på kaldaste vinteren! Og i tillegg oppdage at jammen har ein jo litt blomster etterkvert sjølv om ein føler ein har ingenting endå :)

Her er vår/sommer/høst fotomontasje:


søndag 29. november 2009

1.advent!


Stemningsrapport fra heimen :)

fredag 27. november 2009

November


Eg har fått ein award fra Marianns Verden :) Takk!

Ellers er det lite haging for tida, nærmaste prosjektet blir vel å få litt julelys i buskene ved inngangen - trenge litt lys i denne mørketida så det blir nok bra.

Vi funderer på å fixe på huset til neste år og har fått innhenta tilbud no, vi må faktisk skifte både tak, vegger og vinduer på huset. Er jo tross alt fra 50-tallet så er jo på tide med litt utskifting.

Vi har vurdert å bygge nytt også, men er no litt koselig å bu i samme huset som min far vokste opp i og så er det jo litt sjel i et gammalt hus om enn litt skeivt og trekkfult! ;) Trekken og isoleringen blir no ivertfall bedre snart.

Det er støyp på framsida av huset og kunne godt tenkt meg firkanta heller på det etter at huset er 'nytt', vi har jo et stort murbed framfor huset og den muren er ikkje så veldig fin, jobber med å få eføy'en til å dekke framsida men er usikker kva som blir bra inn mot huset, no har vi benk og potter som 'bryter' litt for den er litt dominerande. Det blir jo alltid slik at fixer man ein ting så ser man andre ting som må fixast også! Men - ein ting i gongen. Håper vi får tatt huset til våren igjen så kan eg fokusere på ute området på sommaren.

tirsdag 10. november 2009

November


Har ingen nye bilder fra hagen, men tenkte å skrive ein liten oppdatering om kva eg har gjort i det siste. Eg har rydda litt og klipt ned visne blomstra, cosmosen var ferdig men har passa på å drysse masse frø ned i bedet igjen før eg fjerna dei, i fjor frøsådde den seg ganske så bra så satser på det samme til neste år :) Løv låg lenge rundt om kring der det ikkje skulle ligge - som foran inngangspartiet, men no har naturen fixa opp sjølv med siste mini uvær og det ligge no samla i beda! Sjølvsagt masse i plenen også men eg stresser ikkje så mykje med det. Så har eg rydda vekk kjøkkenhagen som vi hadde nederst i hagen no. Har også fyllt på med bark så det ikke ser så gale ut no som alt det grønne er vekke i beda.

Så har vi tenkt ein del på det nye kjøkkenhage området vårt, har flytta litt på 'barnehagen', dei gamle vinduskarmane eg fann i ein kjellar, no er dei i eine hjørnet. Så kjøpte eg 4 sandkasser av tre på salg fra Monter som er satt sammen og skal bli nye kjøkkenhage. Dei får vente innendørs til våren igjen er planen. Vi har ein del tre som skal sagast ned då dei skygger for sola, og masse greiner som er samla opp der fra før som må brennast i løpet av vinteren eller kutte dei opp med kvistaren. Det er også eit gammalg forsøk på ein andedam som eg har lyst å få fixa skikkelig til ein fin dam!

Dette blir den litt avskjerma 'hemmelige hagen' min etterkvert er planen ;) Vi har tenkt å gjere om det gamle uthuset til gjestehus etterkvert og eg vil også gjerne ha ein del av det som drivhus.. tenkte kanskje det kunne være som et tilbygg med skyvedør inn til sjølve huset.
Ulempen er jo at naboen har ein slags sitteplass som ser rett ned i hagen, som dei rett nok ikkje bruker så ofte, men lurer på om eg må svelge min motstand mot tuja.. og bruke det som skjerm mot innsyn.. isåfall skal den bli klipt som ein hekk - type engelsk labyrint! :)

Allerede begynt å drømme om våren som de skjønner..

mandag 14. september 2009

Høst!

Vi hadde ein nydelig høst-tur i fjellet i helga - kjempefint vær og koste oss masse! Den tok heile 6 timer så vi er ganske så støle i dag, trapper er ikkje kjekke kan ein sei..


Plommene er overmodne og burde plukkast - men det er så utrulig masse av dei! Det same gjeld eplene - håper at nokon kjem på epleslang snart!?! :) Ei lita eplekake får eg no lage ivertfall. Har tidlegare laga både plommesyltetøy og eplemos men det har ein tendens til å bli ståande i kjøleskapet. Har jo allerede laga blåbær/aronia syltetøy med blanding av hageblåbær og vanlige blåbær så trur faktisk det er nok for i år.
Treet bøyer seg til bakken av vekta av alle eplene.. desverre er dei litt sure og egna seg best til lagring ifølge min far ivertfall - og kan etast utover høsten/vinteren.

Klematisen min blomstra!
Her er et par bilder fra hagen i dag, var ute å planta nokre busker som eg fant langs ein vei ved et fraflytta gårdsbruk, slags bambus stilker med ganske runde blad og kvite syrenaktige blomstra, dei var oppmot 1-2 meter høge, nokon som veit kva det kan være? Har ikkje nokre gode bilder desverre.


Posted by Picasa